
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Barentshavet og Bjørnøya
25.04.07 Barentshavet er eit av dei mest produktive havområda i verda, og er gyte- og oppvekstområde for kommersielt viktige fiskeartar som for eksempel, torsk, hyse, sild og lodde. Som ei følgje av den høge nyproduksjonen i Barentshavet, hekkar det omtrent seks millionar par sjøfugl i området.

Bjørnøya ligg halvvegs mellom fastlands-Noreg og Svalbard.
Kart: Norsk Polarinstitutt
Bjørnøya har ein strategisk posisjon midt i Barentshavet, og dette gjør øya til ein av dei viktigaste hekkekoloniane i området. Omtrent 500 000 par sjøfugl har hekkeplass på øya.
Nordenden av Bjørnøya er relativt flat, mens dei sørlege delane av øya har ein bratt topografi. Det er i desse nesten utilgjengelege skrentane, godt beskytta frå fjellrev og andre predatorar, at sjøfuglane hekkar. Dei vanlegaste fugleartane som hekkar på Bjørnøya er lomvi, polarlomvi, krykkje, havhest, alkekonge og polarmåke.
Bjørnøya, med eit areal på 176 kvadratkilometer (km2), har eit relativt mildt klima, breddegraden tatt i betraktning. Middeltemperaturen for den varmaste månaden (august) er 4,4 grader Celsius (°C), for den kaldaste (januar) -7,4°C.
Norsk Polarinstitutt har sidan 1986 overvaka bestanden av ei rekke sjøfuglartar på Bjørnøya. Frå 1986 til 2006 har polarmåkebestanden på Bjørnøya gått kraftig tilbake. Ein av faktorene som har bidratt til denne nedgongen er truleg miljøgifter.
Tema
