
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir:
Relaterte tema:
Vil ha tilbake statlege utlegg
16.04.07 SFT varslar eit krav på ni millionar kroner i refusjon frå ein grunneigar for delar av utgiftene til opprydding av forureining i grunnen på ein eigedom i Elverum. Eigedommen vart i mange år brukt til treimpregnering.
Elverum Treimpregnering
- På eigedommen til Elverum Treimpregnering pågjekk det fram til 1982 impregneringsverksemd. Dette førte til at eigedommen vart sterkt forureina av kreosot.
- Hausten og vinteren 2005/2006 fekk SFT rydda opp i forureining i grunnen. Det meste av eigedommen er no heilt rein. På eit mindre område ligg det igjen noko lett forureina masser under eit minst 1 meter tjukt lag med reine masser.
- Frå eit forureiningsmessig synspunkt er den heilt reine delen av eigedommen eigna for alle typar arealbruk. SFT vurderer at også området med dei lett forureina massene med mindre tilpassingar vil vere eigna til alle typar arealbruk.
Hausten 2005 og vinteren 2006 fekk SFT rydda eigedommen til tidlegare Elverum Treimpregnering. Området var så forureina av kreosot at det hasta med tiltak. SFT påtok seg derfor oppgåva med å få rydda opp raskt. Oppryddinga og undersøkingane i forkant kosta til saman ca. 15 millionar kroner.
Verdien har auka betydeleg
Før oppryddinga var eigedommen så forureina at han ikkje kunne nyttast til noko. Etter oppryddinga er eigedommen eigna for alle typar arealbruk, og verdien på eigedommen har auka betydeleg. Det er gjennomført to uavhengige takseringar på henhaldsvis 8,6 og 12,5 millionar kroner.
Refusjon for utgifter
SFT varslar eit krav om refusjon for delar av utgiftene. Vi finn det riktig/rimeleg at refusjonssummen tek utgangspunkt i verdien av tomta i opprydda stand. SFT legg til grunn at 9 millionar kroner ikkje overstig verdien av tomta slik ho framstår i dag.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Sjefingeniør Erik Høygaard, seksjon for kjemikalievurdering
telefon: 22 57 34 82, e-post: erik.hoygaard@klif.no - Seksjonssjef Eli Vike, seksjon for kjemikalievurdering
telefon 22 57 35 83, e-post: eli.vike@klif.no
Tema
