Til toppen av siden

Gir Hydro Aluminium Karmøy forlenga løyve

02.08.07 Miljøverndepartementet har avgjort klagesak om utslepp av miljøgifta PAH og støv frå Hydro Aluminium Karmøy. Vedtaket inneber at krava som blir stilte, er strengare enn dagens løyve som bedrifta ønskte å oppretthalde. Samtidig blir krava lempa noko fram til 31. desember 2009, noko som er dryge to år lengre enn i den opphavlege løyva frå SFT.

På bakgrunn av søknad gav SFT Hydro Aluminium Karmøy ved vedtak av 1. desember 2006, ei utsetjing av strengare krav til utslepp av PAH og støv med ti månader fram til 30. oktober 2007. Bedrifta klaga på vedtaket og bad om ei lemping av krava fram til 2010. Hydro peikte i klaga si blant anna på at det vil føre til nedlegging av Søderberg-anlegget på Karmøy to år tidlegare enn planlagt dersom ikkje krava blir endra.

Miljøverndepartementet har teke klaga frå Hydro delvis til følgje. Dette inneber at det er lempa noko på krava til utslepp av PAH og støv i perioden fram til 31. desember 2009. Samtidig er krava som er stilte, strengare enn det som følgjer av dagens løyve som bedrifta ønskte å oppretthalde.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden