
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir
Relaterte tema:
Nye analysar frifinn badeleike
10.08.07 Da det blei oppdaga at eit laboratorium som testa badeleiker for innhald av ftalater hadde bytta om på to prøver, bestemte SFT å sende leikene til eit nytt laboratorium. Dei nye analysane stadfester dei fleste resultata, men det blei ikkje funne ftalat i ei prøve som tidlegare hadde synt små forureiningar av ftalat.
Etter ein stikkprøvekontroll i mai sendte SFT 21 badeleiker til eit laboratorium i Noreg, som videresendte prøvene til eit akkreditert laboratorium i Tyskland. Deira analysar i juni synte at ftalat var brukt som mjuknar i to av dei 21 kontrollerte badeleikene. I etterkant kom det fram at laboratoriet hadde bytta om på to av prøvene.
SFT bestemte seg da for å kjøre nye analysar av produkta. Eit produkt der det først var funne forureiningar av ftalat var frikjend etter nye analysar, men dei andre produkta blei sendt til eit anna laboratorium i Tyskland som også er akkreditert for slike analysar.
To produkt framleis forbodne
Dei nye analysane av badeleikene stadfestar at to av produkta er ulovlege på den norske marknaden. I følgje importøren har ikkje desse produkta vore i sal sidan midten av mai.
Frifinn eit nytt produkt
I dei nye analysane er det ikkje funne ftalat i eit produkt som synte små forureiningar av ftalat over den tillatne grensa på 0,1 prosent i dei første analysane. Produktet kan derfor seljast i Noreg.
19 av 21 produkt funne i orden
Dei nye analysane stadfestar også at ingen av dei andre produkta SFT sendte til testing inneheld dei forbodne stoffa. Resultata syner at det er ei stor forbetring frå kontrollen i fjor da SFT fann ftalat i 15 av 18 kontrollerte badeleiker.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Seksjonssjef Cecilie Kristiansen, seksjon for produkt- og offshorekontroll
telefon: 22 57 34 69, e-post: cecilie.kristiansen@klif.no - Senioringeniør Ragnhild Orvik, seksjon for industri- og produktkontroll
telefon: 22 57 34 78, e-post: ragnhild.orvik@klif.no
Tema
