Til toppen av siden

Rekordhøg innsamling av emballasjeavfall

26.08.07 435 000 tonn emballasjeavfall ble i fjor samla inn og sendt til gjenvinning. Dette er meir enn nokon gong tidlegare og utgjer 90 prosent av all brukt emballasje i Noreg.

Med unntak av plast, syner 2006-rapportane frå materialselskapa at alle emballasjetypane totalt sett har nådd gjenvinningsmåla. Ekspandert plast (EPS) og kartong manglar framleis litt på å nå måla for materialgjenvinning.

For plast- og metallemballasje som har vore nytta til farleg avfall, er det ikkje sett noko gjenvinningsmål, men resultata syner ein solid framgong i innsamlinga.

Mest til materialgjenvinning

Rapportar frå materialselskapa syner at graden av emballasje til materialgjenvinning auka til 71 prosent i fjor, ei auke på 4 prosentpoeng frå året før. Resten av den innsamla emballasjen i Noreg går til energiutnytting.

Emballasjeretur i 2006

Gjenvinning av emballasje: Miljøverndepartementet inngjekk i 2003 nye avtaler med verksemder som produserer, importerer, nyttar eller omsett emballasje. I avtalene forplikta næringslivet seg til å nå minimumsmål for innsamling og gjenvinning av emballasjeavfall.

Spørsmål kan rettast til SFT:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden