
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir:
Relaterte tema:
Stoppa produksjonen etter kvikksølvutslepp
21.12.07 Rio Doce Manganese Norway AS i Mo i Rana har stoppa produksjonen ved sinterverket i minst fire veker. Årsaka er for høge utslepp av kvikksølv. Bedrifta kan ikkje starte produksjonen før utsleppa frå verksemda er under kontroll.
Rio Doce Manganese Norway AS (RDMN) informerte SFT om at utsleppa av kvikksølv til luft frå sinterverket i Mo i Rana hadde auka betrakteleg hausten 2007. Bedrifta har løyve til å sleppe ut inntil 10 kilo i året.
Tiltak for å redusere utsleppa
Da SFT fikk informasjon om utsleppet, gjennomførte vi raskt ein utrykningsinspeksjon. Kontrollen avdekka at RDMN hadde dårleg oversikt over eigne utslepp, og at internkontrollen var mangelfull. SFT påla bedrifta å gjere greie for tiltak som kan redusere utsleppa av kvikksølv til luft innan 20. desember.
Utsleppa skal nå vere sterkt redusert samanlikna med nivåa tidlegare i haust. Bedrifta skal ikkje setje i gang aktivitetar som kan auke kvikksølvutsleppa ut over utsleppsgrensa på 10 kilo.
RDMN opplyser at råvarebasen for 2008 vil bli endra som eit ledd i arbeidet med å få kontroll med utsleppa, og at dei vil etablere ei reinseløysing for kvikksølv så raskt som mogleg.
Søkjer om mellombels utsleppgrense
RDMN søkjer dessutan om løyve til utslepp av inntil 20 kilo kvikksølv i 2008 mens prosjektering og installering av reinseløysinga pågår. SFT sender nå søknaden på høyring og har mål om å avgjere saka innan utgangen av januar 2008.
Spørsmål kan rettes til:
- Seksjonssjef Siri Sorteberg, seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
telefon: 22 57 36 17, e-post: siri.sorteberg@klif.no
Tema
