Til toppen av siden

Fem millionar i tvangsmulkt

13.02.07 Autoretur har framleis ikkje etablert eit retursystem for kasserte kjøretøy med god geografisk dekking. Dermed må dei betale ei tvangsmulkt på fem millionar kroner. SFT varslar også ei ny tvangsmulkt på fem millionar dersom dei ikkje har fått i gong eit retursystem frå 26. februar.

Framleis 1500 kroner i vrakpant

  • Den statlege panteordninga blir vidareført.
  • Alle som leverer bilvrak til eit godkjent mottak for kasserte kjøretøy, vil framleis få utbetalt 1500 kroner i vrakpant frå staten.

Det statlege biloppsamlingssystemet i Noreg vart etablert i 1978. Systemet har sikra at bilvrak ikkje fører til forsøpling og at miljøfarlege komponentar blir handsama forsvarleg.

Som følgje av EUs direktiv om kasserte kjøretøy, som vart innført i norsk regelverk i 2002, har bilimportørane frå 1. januar 2007 ansvaret for å samle inn og ta hand om kasserte kjøretøy.

Oppfyller ikkje krava

SFT har godkjent Autoretur som bilbransjen sitt retursystem, og fører tilsyn med at bilimportørane oppfyller krava. SFT er svært oppteken av at bilbransjen i Noreg får på plass eit retursystem for kasserte kjøretøy med god geografisk dekking, slik at det er tilgjengeleg for folk som treng å levere kjøretøy.

- Så langt har ikkje bilimportørane sitt returselskap Autoretur etablert eit godt nok mottakssystem. Vi inndriv derfor tvangsmulkta på fem millionar kroner og varslar ei ny mulkt på same sum for å få bilbransjen til å oppfylle ansvaret dei har etter regelverket, seier SFT-direktør Ellen Hambro.

Publikum kan levere bilvrak

Dei fleste biloppsamlingsplassane er i dag åpne for mottak av bilar som publikum vil kassere, fordi biloppsamlarane har etablert eit eiget system uavhengig av Autoretur sitt system.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden