Til toppen av siden

Nytt løft for Regelhjelp.no

28.02.07 Sju nye bransjar med meir enn 33 000 verksemder får no presentert sine krav på Regelhjelp.no.

Frå i dag kan skogbrukarar, feiarar, vaktmesterar, reinhaldarar og begravelsesbyrå finne dei viktigaste krava til si verksemd på nettstaden Regelhjelp.no. Produsentar av tekstil, papir og elektrisitet og verksemder som distribuerer gass gjennom leidningsnett får også regelhjelp.

Enkel tilgong til informasjon

Ved å taste inn organisasjonsnummeret sitt på nettstaden vil verksemdene bli guida gjennom ei samla oversikt over krava frå fem statlege etatar. Målet med nettstaden er at det skal bli enklare å setje seg inn i kva regelverk som gjeld.

Etatane har prioritert

Regelhjelp.no skal gjere det lettare for brukarane å finne frem i regelverket innanfor arbeidsmiljø, brann- og eksplosjonsvern, el-sikkerheit, forureining, industrivern, internkontroll, mattryggleik og produkt og forbrukertenester. I tillegg skal nettstaden bidra til eit meir heiskapleg tilsyn over heile landet. I utgongspunktet er det dei viktigaste krava det skal førest tilsyn med.

Dei fem etatane som står bak nettstaden er:

  • Arbeidstilsynet
  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
  • Mattilsynet
  • Næringslivets sikkerheitsorganisasjon
  • Statens forureiningstilsyn

Arbeids- og inkluderingsdepartementet finansierer nettstaden.

36 bransjar

No omfattar Regelhjelp.no krava for 36 bransjar. I løpet av 2007 skal nettstaden vere ferdig utbygd for alle bransjar.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden