
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Relaterte tema:
Undersøker sjøbotnen ved skipsverft
22.02.07 Sjøbotnen utanfor skipsverft er ofte forureina av miljøgifter. SFT har i samarbeid med fylkesmennene prioritert 109 verftsområde som innen utgangen av 2008 skal vere kartlagt i forhold til forureiningssituasjonen. Kartlegginga er viktig for å fatte riktige vedtak om opprydding.
Sjøbotnen utanfor område der det er eller har vore drift av skipsverft, er ofte forureina av miljøgifter som TBT, kobbar, bly (kjem frå botnstoff) og PAH (tjæresambindingar). Stoffa er skadelege for miljøet, og kan føre til at det blir helsefarleg å ete fisk og skaldyr.
109 område undersøkast nærmare
Miljøvernmyndigheitene har vurdert 274 område med både aktive og nedlagte skipsverft. På bakgrunn av denne vurderinga skal 109 av områda nå undersøkast nærmare. Dette er ein del av ein nasjonal handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn.
Områda er valt ut på bakgrunn av eksisterande verksemd der, eller fordi vi på annan måte har informasjon om verksemda ved verftet som tyder på at sjøbotnen er forureina.
Formålet med undersøkingane er å få eit best mogleg grunnlag for å vurdere om det seinare må gjerast tiltak for å fjerne miljøgiftene. Ved nokre av områda er ein allereie i gang med oppryddinga av forureina sjøbotn.
Varsler dei ansvarlege
Forureiningsmyndigheitene varslar nå dei ansvarlege om at dei innan utgangen av 2008 må undersøke sjøbotnen utanfor verftsområdeti. Føremålet med undersøkingane er å få eit best moleg gfunnlag for å vedta om det må gjerast tiltak som reknar SFT med at dei mest forureina verftsområda vert kartlagt med tanke på forureiningsfare og behov for tiltak.

Prioriterte verft: Kartet viser dei 109 høgst prioriterte verftsområda der sjøbotnen skal undersøkast nærmare. Kart: SFT.
Tema
