Til toppen av siden

Fire returselskap for EE-avfall godkjend

10.07.07 SFT har godkjend fire returselskap for EE-avfall: Elretur AS, Eurovironment AS, RENAS AS og Ragn-Sells Elektronikkretur AS. Eurovironment AS og Ragn-Sells Elektronikkretur AS har mellombelse godkjenningar fram til desember 2007.

Etter dette vil importørar og produsentar av EE-produkt berre oppfylle plikta si til medlemskap i returselskap ved å vere medlem av eitt av dei fire godkjende returselskapa.

Returselskap for EE-avfall skal etter avfallsforskrifta kapittel 1 § 1-13 vere godkjende innan 1. juli 2007.

Oppfyller kriteria

Godkjenning er gitt på bakgrunn av at returselskapa har dokumentert at dei oppfyller kriteria i vedlegg 2 del C. Dette er dokumentert gjennom sertifisering gjennomført av sertifiseringsorgan i samsvar med avfallsforskrifta kapittel 1 vedlegg 2.

Sertifisering skal sikre at plikter til blant anna henting og mottak av EE-avfall samt sortering, transport, ombruk, gjenvinning og anna forsvarleg behandling av EE-avfall, blir følgd av returselskapa.

Spørsmål kan rettast til:

  • Seksjonssjef Kari Aa, avfallsseksjonen
    telefon: 22 57 35 26, e-post: kari.aa@klif.no
  • Rådgjevar Heidis Holstad Frantzen, avfallsseksjonen
    telefon: 22 57 37 08, e-post: hhf@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden