
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir
- Må søke om godkjenning av utslippsfaktor for NOx
- Søknadsskjema for kildespesifikk utslippsfaktor, med veiledning (Del 1)
- Søknadsskjema del 2 og 3
- Forskrift om særavgifter § 3-19-9 om tabell for beregning av utslipp
- Rundskriv om avgift på utslipp av NOx(Tollvesenet)
- NOx-avgift (Tollvesenet)
- NOx-avgift for energiproduksjon (29.01.07)
Relaterte tema:
Godkjenning av kjeldespesifikk utsleppsfaktor for NOx
16.07.07 SFT minner om godkjenning av kjeldespesifikk utsleppsfaktor for NOx. Verksemder på land som er omfatta av NOx-avgifta og ønskjer å få godkjent kjeldespesifikk utsleppsfaktor, må sende inn kjeldespesifikke data til SFT innan 1. oktober 2007.
Denne fristen er utelukkande knytta opp til kravet om refusjon av innbetalt avgift, og gjeld for øvrig berre dei verksemder som har sendt inn søknad med generelle data til SFT før 1. juli 2007. Verksemder som ønskjer å få godkjent utsleppsfaktor på eit seinare tidspunkt kan når som helst søkje SFT om dette, men utan moglegheit for avgiftsrefusjon.
Søknadsskjema
For fastsetting av utsleppsfaktor nyttar du del 2 i søknadsskjemaet. Del 3 i søknadsskjemaet kan nyttast ved periodevis innrapportering av utslepp. Skjemaet nyttast for korrigering av godkjent kjeldespesifikk utsleppsfaktor i enkelte tilfelle når brenslet varierer mykje med hensyn på brennverdi (for gass), nitrogeninnhald (for flytande brensler) og/eller fuktighet (for biobrensel). Skjema finn du ved å følgje lenka i høgremargen til den opprinnelege nyheitsmeldinga.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Overingeniør Øyvind Hetland, seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
telefon: 22 57 36 21, e-post: oyvind.hetland@klif.no - Seniorrådgjevar Ingrid Bjotveit, seksjon for petroleumsverksemd
telefon: 22 57 34 22, e-post: ingrid.bjotveit@klif.no
Tema
