Til toppen av siden

Kartlegg forureining frå flaumvatn

13.07.07 I samanheng med den siste flaumen på delar av Austlandet, er det gjort ekstra miljøprøvetaking i dei ramma vassdraga.

SFT har eit løpande overvakingsprogram som måler tilførsler av forureinande stoff med elvane til kystområda, det såkalla elvetilførselsprogrammet. Det er teke vassprøvar i Glomma, Drammenselva, Numedalslågen, Skienselva og Otra, og i mindre vassdrag som Ljanselva, Lysakerelva, Sandvikselva, Lierelva og Sandeelva i veke 27 og 28.

Kunnskap om flaumepisodar

Det er viktig å måle dei auka tilførslene av næringssalt, tungmetall og partiklar som flaumen fører med seg ut i kystområda. Resultata vil gi auka kunnskap om kva flaumepisodar medfører av auka forureining og partiklar, og kva det igjen betyr for økosystemet langs kysten. Blant anna kan det hjelpe oss å forstå kva auka nedslamming i kystområda betyr for store tang- og tareplanter som sukkertare. Desse er på sterk tilbakegang på Skagerrakkysten.

Spørsmål kan rettast til

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden