Til toppen av siden

Meir næringssalt og kopar til kystområda

12.07.07 Tilførsla av næringssalt og kopar til kysten frå nasjonale kjelder aukar. Næringssalt er eit miljøproblem langs deler av kysten i Sør-Noreg. Tilførslene av andre miljø- og helseskadelige tungmetall går ned.

Sidan 1990 har miljøvernstyresmaktene målt tilførsler av næringssalt og miljøgifter frå norske landbaserte kjelder til kystområda.Ved å dokumentere utviklinga over tid, kan forskarar og styresmakter vurdere samanhengen mellom miljøpåverknad, miljøtiltak og miljøtilstand. Resultata frå 2005 stadfestar ein jamn reduksjon i tilførsla av tungmetalla kadmium, nikkel, bly og sink sidan målingane byrja. Årsaka til dei reduserte utsleppa er etter alt å døme strengare miljøkrav. Ei viktig årsak er utfasinga av blyhaldig bensin.

Meir næringssalt frå akvakultur

Tilførsla av næringssalta fosfor og nitrogen til kysten auka i perioden 1990-2005. Auken skjer sjølv om det har vore tiltak for å minske tilførsler frå jordbruk, reinseanlegg og industri, og kan skuldast mildare vintrar med auka avrenning frå landareal, endra bruk av landareal og meir fiskeoppdrett. Tilførslene aukar mykje i dei kystområda kor det er oppdrettsnæring, i Nordsjøen og i Norskehavet. Tilførsla av næringssalt frå akvakultur tilsvarar over 60 prosent av dei totale tilførslene av fosfor og over 20 prosent av nitrogentilførslane til heile kysten. Noreg har oppfylt internasjonale plikter for utsleppsreduksjon for fosfor, men ikkje for nitrogen.

Næringssalt og klima trugar sukkertaren

For mykje næringssalt kan gi dårlegare levekår for mellom anna fisk og skaldyr, og føre til hyppigare oppblomstring av skadelege algar. Blant anna tyder mykje på at næringssalt i kombinasjon med klimaendringar er årsakene til det omfattande bortfallet av sukkertare langs Skagerrak og vestlandskysten. Mens varmare vatn tek livet av eksisterande sukkertare, er truleg nedslamming og den kraftige veksten av trådalgar dei viktigaste årsakene til at sukkertaren ikkje veks opp igjen. Mykje av slammet skuldast at vatnet inneheld for mykje næringssalt.

Høgste utslepp i Europa av kopar

Utslepp av tungmetall er også redusert gjennom krav til industrien, kommunale avløp og ved utfasing av giftige stoff i produkt, men for kopar er det ei auke sidan 1990. Dette skuldast utslepp av kopar frå nøtene i oppdrettsnæringa. Dette utsleppet er større enn tilførsla av kopar med elvene. Av medlemslanda i Oslo-Paris-konvensjonen (OSPAR) rapporterer Noreg den høgste tilførsla av kopar til hav i Europa med totalt 461 tonn, rekna som summen frå alle kjeldene i 2005. Fleire koparsambindingar kan vere giftige for vasslevande dyr og planter.

- SFT vil vidareføre overvakninga av utsleppa og vurdere effektar av både kopar og næringssalt, slik at vi kan få avklart eventuelle behov for nye miljøtiltak, seier SFT-direktør Ellen Hambro.

Spørsmål kan rettast til:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden