Til toppen av siden

SFT møter polske miljømyndigheiter

03.07.07 Denne veka møtast SFT og polske miljømyndigheiter for å starte eit samarbeidsprosjekt som skal styrkje forureiningsarbeidet i Polen.

Det er SFT sitt polske motstykkje, GIOS, som gjennom EØS-finansieringsordningane har fått innvilga prosjektstøtte på nærmare 14 millionar kroner. Samarbeidsprosjektet skal bidra til å styrkje miljølovgivinga i Polen, og setje polske myndigheiter i stand til å gjennomføre lovgivinga.

Oppstartseminar

Måndag 2. juli reiste SFT-direktør Ellen Hambro til Warszawa for å foreta den offisielle åpninga av samarbeidsprosjektet mellom Polish Chief Inspectorate for Environmental Protection (GIOS) og SFT. Under oppstartseminaret tysdag 3. juli møttest representantar frå det polske miljøverndepartementet, GIOS og deres underliggjande tilsynsetatar frå fylka, samt representantar frå den norske ambassade i Polen og SFT. Her blei hovudtrekka i samarbeidet gjennomgått.

Utvekslar erfaringar

SFT-direktør Ellen Hambro presenterer også norske miljøutfordringar og korleis SFT følgjer opp forureinande industri. Ho har også møte med GIOS-representantar for å diskutere andre felles utfordringar i det europeiske samarbeidet knytta til implementering av EU sitt regelverk på forureiningsområdet.

Dagen etter oppstartseminaret besøker den norske delegasjonen avløpsbehandlingsanlegget Poludnie i Warszawa for å høyre meir om polske miljøutfordringar i praksis.

Spørsmål kan rettes til:

  • Seksjonssjef André Kammerud, internasjonal seksjon
    telefon: 22 57 36 73, mobil: 902 02 157, e-post: andre.kammerud@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden