Til toppen av siden

Lite ftalat å finne i oppblåsbare badeleiker

21.06.07 SFT har gjennomført ein stikkprøvekontroll av badeleiker som kan blåsast opp. Av 23 prøver frå 21 kontrollerte leiker var ftalat brukt som mjuknar i to produkt. Dette er ei stor forbetring frå kontrollen i fjor da SFT fann ftalat i 15 av 18 undersøkte badeleiker.

Ftalat i produkt

  • Stoff i gruppa ftalat blir brukt som mjuknarar av plast, særleg PVC
  • Enkelte av desse stoffa er klassifisert som reproduksjonsskadelege
  • Eit produkt må analyserast i eit laboratorium for å avgjere om det inneheld ftalat
  • Frå 1. januar 2007 blei forbudet mot ftalat i leiketøy og småbarnsprodukt utvida 
  • Regelverket er felles i heile EU. 3 typer ftalat er forbodne i alle leiker, mens 3 andre er regulerte i leiketøy og småbarnsprodukt som det er mogleg for barn å suge eller tyggje på

SFT er nøgd med resultata frå 2007-kontrollen. Av dei 21 produkta som blei kontrollert i mai i år var det brukt forbodne ftalat som mjuknarar i to produkt. Importøren av dei to produkta stoppa sjølv salet i midten av mai fordi bedrifta mangla dokumentasjon på at leikene var ftalatfrie.

Dette er ei stor forbetring i forhold til kontrollen av oppblåsbare leiker i 2006. Da inneheldt 15 av 18 kontrollerte leiker ftalat. Åtte av desse var forbodne etter regelverket som gjaldt i 2006.

- Dette viser at leiketøysbransjen har tatt dei nye reglane på alvor, seier seksjonssjef Cecilie Kristiansen. Ho meiner at SFT si aktive oppfølging av bransjen gjennom fleire år og eit klarare og strengare regelverk har gitt resultat.

Be om informasjon

Som forbrukar har du krav på informasjon etter produktkontrollova. SFT oppfordrar forbrukarane til å stille krav til produkta dei kjøper. Du kan spørje i butikken om produktet inneheld ftalat.

- Det er importørane og forhandlarane som har ansvaret for at eit produkt ikkje inneheld helse- og miljøskadelege stoff. Derfor er det viktig at dei har god kunnskap om varene dei sel, seier Cecilie Kristiansen.

Nye kontrollar

Kontrollane av importørar i januar og av oppblåsbare badeleiker nå, viser at importørane har arbeida godt for å fjerne leiker med ftalat. SFT held likevel fram arbeidet med å kontrollere at importørane og forhandlarane følgjer ftalatregelverket. Nye kontrollar av leiker vil bli gjennomført hausten 2007.

Produkt med ftalater Produkt med ftalater
Inneheldt ftalat: armring

Produkt med ftalater Produkt med ftalater
Inneheldt ftalat: badering

Spørsmål kan rettes til:

  • Seksjonssjef Cecilie Kristiansen, seksjon for produkt- og offshorekontroll
    telefon: 22 57 34 69, e-post: cecilie.kristiansen@klif.no
  • Senioringeniør Britt Endre, seksjon for produkt- og offshorekontroll
    telefon: 22 57 34 39, e-post: britt.endre@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden