Til toppen av siden

Alle overheldt kvoteplikta

14.05.07 Alle dei 35 norske verksemdene som hadde kvotepliktige CO2-utslepp i 2006, overheldt kvoteplikta. Totalt vart det i fjor sluppe ut 5,97 millionar tonn CO2 frå desse verksemdene.

Utslepp frå kvotepliktige verksemder

  • Kvotesystemet er eit viktig virkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar. Vinteren 2005 vart 51 norske verksemder tildelt CO2-kvoter for perioden 2005-2007.
  • Kvart år må verksemdene levere inn kvoter tilsvarande det dei hadde av utslepp året før.
  • Innan 1. mars i år rapporterte 35 av verksemdene om kvotepliktige CO2-utslepp i 2006 gjennom den statlege skjemaportalen Altinn. Dei øvrige 16 verksemdene hadde ikkje kvotepliktige utslepp i 2006.

Innan 1. mai skulle verksemdene overføre det talet på kvoter som tilsvarte verksemda sine kvotepliktige utslepp frå sin brukerkonto til Staten sin oppgjerskonto i kvoteregisteret. Éi kvote tilsvarer eitt tonn CO2-utslepp.

Overheldt kvoteplikta

Alle dei 35 verksemdene overheldt kvoteplikta ved at dei overførte kvoter tilsvarande sine godkjente kvotepliktige utslepp i 2006 til Statens oppgjerskonto. Både kvoter utdelt i 2006 og i 2007 vart brukt til oppgjer for kvoteplikta. Éi verksemd nytta annullerte EU-kvoter til å gjere opp delar av kvoteplikta. Verksemder som ikkje hadde kvotepliktige utslepp i 2006 trengte ikkje å overføre kvoter til oppgjer.

Det vart ikkje nytta sertifiserte utsleppseiningar frå Den grønne utviklingsmekanismen til oppgjer for kvoteplikta.

Spørsmål kan rettast til SFT:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden