Til toppen av siden

Klimagassutsleppa ned 0,8 prosent

11.05.07 For andre året på rad gjekk klimagassutsleppa svakt ned i høve til året før, denne gongen med 0,8 prosent. Nedgongen skuldast mellom anna mindre råoljeproduksjon på sokkelen og redusert produksjon og innførte miljøtiltak i delar av utsleppsintensiv industri. Dette syner nye foreløpige utsleppstal for 2006 frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og SFT.

Dei samla norske klimagassutsleppa var på 53,7 millionar tonn CO2 -ekvivalentar i 2006. Dette er ein nedgang på 0,8 prosent frå 2005. I perioden 1990-2006 har utsleppa auka med omtrent 8 prosent. Mesteparten av veksten skjedde i perioden fram til 1999, mens utsleppa etter dette har heldt seg relativt stabile. Dei to siste åra har utsleppa minka igjen og ligg no rett under 1999-nivå. Det er likevel venta ein periode med ny vekst, når mellom anna utbyggingane av anlegga på Kårstø og Melkøya er ferdig og anlegga er sett i drift.

KUtslipp av klimagasser 1990 - 2006


I Noreg er CO2-utslepp frå transport, industri og petroleumsverksemd dei viktigaste kjeldene til klimagassutslepp. Utsleppa frå transport og petroleumsverksemd vaks mykje i løpet av perioden frå 1990 til 2006. Utsleppa frå industrien har derimot gått ned med ca 22 prosent, hovudsakeleg som følgje av nedgang i utslepp av andre klimagassar enn CO2. Andre betydelege utsleppskjelder er landbruk, sjøfart og fiske samt bustadoppvarming og avfallsdeponering.

Les meir hos Statistisk sentralbyrå (SSB)
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden