
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Relaterte tema:
Lydnivå på 17. mai-leiker
14.05.07 SFT bed foreldre om å vere merksamme på at trompetar, fløyter og anna støyande leiketøy som nyttast under 17. mai-feiringa, kan skade hørselen til barna.
Regelverk for lydnivå i leiker
- Forskrift om sikkerheit ved leiketøy regulerer lydnivået i leiker
- Impulsstøy (smell) gjev høgast risiko for hørselsskadar, men vedvarande, høg støy kan også vere skadeleg
- Forskrifta seier at lydnivået frå leiketøy som avgjev vedvarande støy, ikkje skal overstige 90 dB
Lydnivået frå blåseinstrument som nyttast under 17. mai-feiringa, avheng både av instrumentet og styrken den glade eigar bles med. Nokre slike blåseinstrument kan få ein lydstyrke som overstig grensa på 90 dBA, som er regulert i forskrift om tryggleik ved leiketøy. Barna sin hørsel er sårbar, og gjenteken belastning av kraftig støy kan svekkje hørselen.
Gode råd:
- Sjekk lydnivået før du lar barnet bruke leika
- Hvis du som vaksen synest lyden er ubehageleg høg, er den truleg for høg for barnet ditt også
- Ikkje la barna blåse i øyra på andre
Importørar og forhandlarar er ansvarlege for at leikene er innanfor regelverket. SFT kontrollerer importørane og forhandlarane, og sjekker om leikene overheld krava til kjemisk innhald og lydnivå.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Seksjonssjef Cecilie Kristiansen, seksjon for produkt- og offshorekontroll
telefon: 22 57 34 69 , e-post: cecilie.kristiansen@klif.no - Overingeniør Gro Hagen, seksjon for produkt- og offshorekontroll
telefon: 22 57 34 52, e-post: gro.hagen@klif.no
Tema
