Til toppen av siden

Mange brot på miljølovverket

24.05.07 SFT og Fylkesmannen avdekka i 2006 framleis mange brot på forureiningsregelverket hos importørar, aktørar i avfallsbransjen og mindre næringsverksemder. Forureiningsmyndigheitene set i verk nye og skjerpa tiltak for å få ned talet lovbrot.

Nye tiltak:

  • Tilsynet skal i større grad konsentrere seg om å avdekkje dei mest alvorlege brota
  • Meir bruk av varsel om tvangsmulkt og mediaomtale ved alvorlege lovbrot
  • Tydelege forventningar til bransjeforeningane om at desse tek større ansvar for opplæring av sine medlem på miljøområdet
  • Fortsetje kontrollaksjonar overfor bransjar og verksemder som har alvorlege brot og ikkje viser miljøforbetring
  • Bruke tilsynsmetodar som gir betre haldepunkt for å seie noko om utviklinga av miljøtilstanden innan bransjar og tilsynstema, for eksempel innan farleg avfall og merking av kjemikalium

Hovedhensikta med tilsynet av verksemder er å sikre etterleving av miljøkrav ved å avdekkje brot på forureiningsregelverket, medverke til at brotet opphøyrer så raskt som mogleg og sørge for at alvorlege brot blir meldt til politiet. Fylkesmannen og SFT sine tilsyn skal verke førebyggjande ved raske og strenge reaksjonar på alvorlege brot.

Dei vanligaste brota på forureiningsregelverket:

  • Manglande eller mangelfull internkontroll
  • Ikkje tilfredsstillande handtering og handsaming av farleg avfall
  • Usikker kvalitet på utsleppsdata
  • Feilaktig merking av kjemikalium
  • Mangelfulle opplysningar til Produktregisteret
  • Feil i produktdatablad

SFT meiner at årsakane til brota er ein kombinasjon av manglande respekt for forureiningsregelverket og at ein del verksemder ikkje skjønner korleis deg skal etterleve regelverket i praksis.

Positiv utvikling på nokre område

  • Verksemdene som inngår i det nasjonale kvotesystemet for klimagassar, har gjennomgåande god kompetanse og gjennomfører riktig rapportering av utslepp av karbondioksid (CO2).
  • Grundig, målretta og samkjørt informasjon frå myndigheiter og bransjeorganisasjonar - etterfulgt av tilsyn - gjev ein meir effektiv innsamling og handsaming av avfallstypar som impregnert trevirke, isolerglassruter som inneheld PCB og kondensatorar i lysarmatur som inneheld PCB. Kontrollresultata viser at kravet om utfasing av PCB-haldige kondensatorar i lysarmatur innan 2008 høgst sannsynleg blir nådd.

Styrkjer tilsynet

Tilsyn med verksemder er et viktig virkemiddel for å oppnå miljøforbetringar.

- SFT kan ikkje akseptere at nokre bransjar eller delar av bransjar har alvorlege brot på regelverket år etter år. Vi må derfor styrkje tilsynet gjennom raskare og strengare reaksjonar, seier SFT-direktør Ellen Hambro.

Spørsmål kan rettast til SFT:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden