Til toppen av siden

FNs klimapanel med ny rapport i påska

30.03.07 Langfredag legg FNs klimapanel (IPCC) fram ein ny rapport om korleis klimaendringane vil påverke verdas matproduksjon, økosystem, industri og busetting. Du kan følgje pressekonferansen på nett.

Andre delrapport

  • Denne rapporten er andre del av klimapanelet sin fjerde hovudrapport
  • Den første delrapporten tok føre seg det vitskapelege grunnlaget for klimaendringane
  • Den tredje delrapporten kjem i mai, og omhandlar tiltak og virkemiddel for å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar

Klimapanelet si arbeidsgruppe som arbeidar med effektar av klimaendringane, tek også føre seg tilpasningar til klimaendringane og sårbarheit. Arbeidsgruppa har sitt siste møte i Brussel frå måndag 2. april og fram til rapporten blir lansert langfredag 6. april 2007.

Blir presentert på www.sft.np

SFT vil leie den norske delegasjonen til arbeidsgruppemøtet i Brussel. I delegasjonen finn vi også medarbeidarar frå Norsk Polarinstitutt og Direktoratet for naturforvalting. Langfredag vil hovudinnhaldet i rapporten bli presentert på SFT si temaside om klimapanelet: http://www.sft.no/klimapanel.

Den norske delegasjonen er tilgjengeleg for å svare på spørsmål frå media i påska. Du kan også følgje pressekonferansen på http://www.ipcc.ch

Spørsmål kan rettast til SFT:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden