
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir:
Relaterte tema:
Tankanlegg på Svalbard sikrast mot utslepp
20.03.07 SFT krev at større tankar med kjemikalium og petroleumsprodukt på Svalbard skal sikrast mot utslepp og forureining. Tiltaka skal vere iverksett innan 31. desember 2007.
Eigarane av større tankanlegg på Svalbard har fått krav frå SFT om at tankar på over 10 kubikkmeter som inneheld miljøfarlege kjemikalium og petroleumsprodukt, skal vere forsvarleg sikra for å hindre forureining på land og til sjøen.
Vil beskytte naturen
Bakgrunnen for kravet er behovet for å beskytte den sårbare naturen på Svalbard. Akutt forureining frå tankanlegg vil kunne ha store og langvarige miljøkonsekvensar, og beredskapen vil av forskjellige grunnar ha avgrensa effekt hvis eit uhell skulle skje. Dette skuldast mellom anna mørke og kulde store delar av året, snø, islagte fjorder, store avstandar og til dels få personar til å bemanne ein beredskap. Ein del av tankane er også plassert slik at det kan ta tid å oppdage eit utslepp.
Spørsmål kan rettast til:
- SFT: Senioringeniør Lars Drolshammer, seksjon for mineralsk og petrokjemisk industri
telefon: 33 03 48 22 , e-post: lars.drolshammer@klif.no - Sysselmannen på Svalbard: Rådgjevar Halvard R. Pedersen
telefon: 79 02 43 20, e-post: hrp@sysselmannen.no
Tema
