Til toppen av siden

EU-kommisjonen skal revidere anneks IV

24.10.07 Norske verksemder kan i perioden frå 22. oktober til 30. november 2007 foreslå stoff som bør inn på anneks IV - unntakslista i EU sitt kjemikalieregelverk.

EU-kommisjonen har sett i gong arbeidet med å revidere anneks IV til REACH, som angjev stoff som er unntekne frå store delar av EU sitt kjemikalieregelverk.

Kriterium

REACH

  • EU sitt kjemikalieregelverk REACH blei vedteke i EU 18. desember 2006 og trådte i kraft i EU 1.juni 2007.
  • I artikkel 138, punkt. 4 i REACH står det at EU-kommisjonen skal revidere anneks I, IV og V innan 1.juni 2008.

Kriterium som må vere oppfylt for at stoff skal vurderast inkludert i anneks IV, blei vedtekne i EU 19.oktober 2007. I kriteria er det lagt til grunn at det må vere tilstrekkeleg informasjon om stoffa og at det er minimal risiko for helse- og miljøskader basert på eigenskapane til stoffa. Spesifikk bruk og påfølgjande eksponering er ikkje inkludert i kriteria.

Kort søknadsfrist

I perioden frå 22. oktober til 30. november 2007 kan norske verksemder (først og fremst norske industriorganisasjonar) levere inn søknad om stoff som bør takast inn på anneks IV, til SFT eller til ein av følgjande europeiske industriorganisasjoner: CEFIC, REACH Alliance og CONCAWE.

SFT eller industriorganisasjonane skal deretter innan 10. januar 2008 vurdere forslaga opp mot kriteria, og så sende forslag som tilfredsstiller kriteria til EU-kommisjonen for vidare handsaming.

Søknad på engelsk

Industriverksemder må sjølve vurdere om stoffa tilfredsstiller dei strenge kriteria før søknadene om inkludering i anneks IV, og om dei skal leverast til SFT eller nemnte industriorganisasjonar. Søknadene må skrivast på engelsk. Vedlagte skjema må vere fylt ut når søknadene blir levert.
(Skjemaet som skal nyttast ved desse søknadene, er gjevne i appendiks 2 i kriteria.)

Stram tidsplan

EU-kommisjonen har laga ein detaljert tidsplan for revisjon av anneks IV som skal sikre at revisjonen blir ferdig innan fristen 1.juni 2008.
(Sjå lenke til tidsplanen for revisjon av anneks IV.)

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • Senioringeniør Linda Reierson, seksjon for kjemikalievurdering
    telefon: 22 57 35 45, e-post: linda-m.reierson@klif.no
  • Sjefingeniør Marit Kopangen, seksjon for kjemikalievurdering
    telefon: 22 57 36 06, e-post: marit.kopangen@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden