Til toppen av siden

Framleis miljøgifter i fisk frå Mjøsa

17.10.07 Målingar av miljøgifter frå 2006 syner at det framleis er for mykje bromerte flammehemmarar i fisk frå Mjøsa, men nivåa i lågåsild og aure har ikkje auka dei siste åra. Mjøsfisken inneheld framleis så mykje PCB og kvikksølv at kosthaldsråda frå Mattilsynet blir opprettheldt.

Handlingsprogram for Mjøsa

  • Handlingsprogrammet for kontroll med utslipp av miljøgifter til Mjøsa er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Hedmark, Fylkesmannen i Oppland, Mattilsynet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Klima- og forureiningsdirektoratet og Vassdragsforbundet for Mjøsa med tillaupselver.
  • Programmet er oppdatert for 2007 med ytterlegare miljøovervaking og nye undersøkingar.

Etter at det for nokre år sidan vart kjent at fisken inneheld bromerte flammehemmarar får Klima- og forureiningsdirektoratet gjennomført årlege miljøundersøkingar i Mjøsa. Dette er ei gruppe miljøgifter som er tungt nedbrytbare i miljøet.

Ei av undersøkingane – som blir utført av Norsk institutt for vassforsking (NIVA) på vegner av SFT – følgjer utviklinga av miljøgifter i aure, lågåsild og krøkle.

Lagåre nivå av bromerte flammehemmarar

I den lokale laksefisken lågåsild vart det høgaste nivået av bromerte flammehemmarar registrert i 2002. Sidan den gong har dei årlege undersøkingane vist lagåre nivå. Aure har høgare nivå enn lågåsild, dei høgaste nivåa vart funne i 2004. Nivåa av bromerte flammehemmarar i aure har vore lågare dei to siste åra.

- Det er for tidleg å seie at det i åra framover vil bli mindre bromerte flammehemmarar i mjøsfisken, men det er gode nyheiter at nivåa ikkje har auka dei siste åra. Vi vil helde fram med å overvåke innhaldet av miljøgifter for å kunne konkludere om det blir mindre bromerte flammehemmarar i fisken i Mjøsa, seier SFT-direktør Ellen Hambro.

Kosthaldsråd på grunn av PCB og kvikksølv

Kosthaldsråd for fisk frå Mjøsa

  • Trass nivåa av flammehemmarar, er det konsentrasjonane av kvikksølv, dioksin og dioksinliknande PCB som er årsaka til kosthaldsråda for mjøsfisken.
  • Mattilsynet frårår barn og kvinner i fruktbar alder å ete stor aure frå Mjøsa og Vorma meir enn fire gongar i året. Gravide bør framleis ikkje ete aure over ein kilo.
  • Mattilsynet sine kosthaldsråd for Mjøsa

Mattilsynet sine kosthaldsråd for fisken frå Mjøsa skuldast innhaldet av PCB og kvikksølv, ikkje innhaldet av bromerte flammehemmarar. Nivåa av PCB i fisken er lågare enn nivåa av bromerte flammehemmarar, men effekten av PCB er sterkare.

Det har vore analysert på PCB i lågåsild frå Mjøsa sidan 1970-talet, og sidan den gong er det ein betydeleg nedgong. For aure har vi resultat for PCB-nivåa sidan slutten av 1990-åra. Det kan vere betydelege forskjellar i konsentrasjonar av PCB både mellom ulike år og mellom fiskestorleikar. Derfor er det vanskeleg å konkludere med at nivåa av PCB i mjøsfisken har gått ned det siste tiåret.

Overvåkinga syner ei svak auke av kvikksølv i aure dei siste åra, men det er for tidleg å vurdere om dette er ei trend eller berre ein variasjon mellom ulike år.

Framleis overvaking av miljøgifter

Miljøvernmyndigheitene held fram arbeidet med å overvåke miljøgiftene i og til Mjøsa. Dette er eit ledd i handlingsprogrammet for kontroll med utslepp av miljøgifter til Mjøsa.

Spørsmål kan rettast til:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden