
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir:
- Europas miljø – rapport nr. 4
(Det europeiske miljøbyrået EEA) - Miljø for Europa-prosessen
(Miljøverndepartementet)
Relaterte tema:
Informasjonshol bremsar miljøforbetringar
10.10.07 Ifølgje ein ny rapport frå Det europeiske miljøbyrå (EEA) hemmast miljøpolitikken i den felleseuropeiske regionen av informasjonshol og sviktande gjennomføring.
Rapporten frå EEA vurderer miljøutviklinga i den felleseuropeiske regionen, eit område med 53 land og ein samla befolkning på over 870 millionar. Regionen omfattar Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia, Søraust-Europa samt Vest- og Sentral-Europa.
Rapporten vart offentleggjort i Beograd under åpninga av den sjette ministerkonferansen i Miljø for Europa-prosessen. Miljø for Europa er eit omfattande internasjonalt samarbeid med særleg vekt på å betre miljøstandarden i tidlegare Sovjet-republikkar og på Balkan.
Manglar god miljøinformasjon
SFT sitt samarbeid med EEA
- Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i samarbeidet under Det europeiske miljøbyrået (EEA).
- EEA har som oppgåve å samanstille og formidle informasjon om miljøutviklinga i Europa, drivkreftene bak denne utviklinga og verknaden av igongsette miljøtiltak.
- Det europeiske nettverket for miljøinformasjon og observasjon (EIONET) står sentralt i EEA sitt arbeid med å skaffe fram miljøinformasjon.
- SFT fungerer som nasjonalt knutepunkt i den norske delen av EIONET. Det norske nettverket omfattar per i dag ca. 30 ekspertar fordelt på 19 miljøinstitusjonar.
Blant dei viktigaste anbefalingane i EEA-rapporten er at gjennomføringa av eksisterande miljøpolitikk bør forbetrast, og at ein må setje klare, realistiske mål.
Det er også viktig at det snarast utviklast eit system for deling av miljøinformasjon for å handtere den stadige mangelen på påliteleg, lett tilgjengeleg og samanliknbar miljøinformasjon for heile regionen.
Analyse, kommunikasjon og utdanning
EEA meiner vi i heile den felleseuropeiske regionen må styrke viljen til å ta hand om miljøspørsmål.
- Dette krev ei betre forståing av problema vi står overfor, kva dei består i og korleis dei er fordelt i samfunnet og over generasjonane, uttalte administrerande direktør i EEA, professor Jacqueline McGlade, ved lanseringa av rapporten.
Ho meiner analyse, evaluering, kommunikasjon og utdanning vil bidra til at vi kan fylle desse “informasjonshola” og setje dei som må handle, betre i stand til det.
Prioritert i norsk miljøforvalting
SFT deler EEA si uro for mangelfull miljøinformasjon.
- Solid dokumentasjon på miljøutviklinga og miljøstatus er heilt nødvendig for å få gjennomslag når ein skal ta beslutningar, ikkje minst i internasjonale fora, seier SFT-direktør Ellen Hambro.
Dette ser vi for eksempel nå betydinga av på klimaområdet.
- Den norske miljøvernforvaltinga ligg langt framme når det gjeld dokumentasjon og formidling av miljøinformasjon. Det er også ein prioritert del av arbeidet vårt å dele denne kompetansen med miljøvernmyndigheiter i andre land, seier Ellen Hambro.
Miljøvernministeren deltok
Miljøvernminister Helen Bjørnøy deltok på konferansen i Beograd, og leia ein sesjon om biologisk mangfald. Beogradkonferansen var ei oppfølging av miljøministermøte i Kiev i 2003 der det vart vedteke ein miljøstrategi for dei tidlegare sovjetrepublikkane.
Blant prioriterte område i strategien er forbetring av miljølovgiving med sikte på harmonisering med EU-landa og styrking av institusjonar i miljøvernsektoren. Andre høgt prioriterte område er vatn, biologisk mangfald, energi, miljøutdanning og bekjemping av luftforureining.
Spørsmål kan rettes til:
- Seniorrådgiver Johnny Auestad, seksjon for miljødata
telefon: 22 35 34 07, mobil: 412 17 193, e-post: johnny.auestad@klif.no
Tema
