
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Norsk Metallfragmentering har vedteke førelegg
22.10.07 Norsk Metallfragmentering AS i Oppland har vedteke eit førelegg frå Økokrim på 1 million kroner og inndraging av 100 000 kroner for utslepp av slam og vatn som inneheldt bromerte flammehemmarar og tungmetall. SFT meldte i 2005 Gjøvik-verksemda for gjentekne utseipp.
Dei ulovlege utsleppa gjekk føre seg i periodar frå 2001 til 2004. Miljøgiftene blei sluppe ut i ein bekk som renn ut i Hunnselva og vidare ut i Mjøsa. I tillegg slapp verksemda ved minst eit tilfelle også ut miljøgifter til det kommunale avlaupsnettet utan at kommunen blei varsla.
Alvorleg lovbrot
Målingar i etterkant viste at naturen rundt utsleppsområdet fekk unormalt høge verdiar av bromerte flammehemmarar og blei forureina av tungmetall som kadmium og kvikksølv. Med tanke på det omfattande arbeidet som er gjort for å få ned verdiane av bromerte flammehemmarar i Mjøsa, såg SFT særs alvorleg på utsleppet.
I 2005 meldte SFT Gjøvik-verksemda til Økokrim for gjentekne utslepp av miljøgifter.
Førelegg og inndraging
Norsk Metallfragmentering AS har nå vedteke førelegget frå Økokrim på 1 million kroner og inndraging av 100 000 kroner for utslepp av slam og vatn som inneheldt bromerte flammehemmarar og tungmetall. Verksemda sparte ein betydeleg sum på å bryte forureiningsregelverket og ikkje levere prosessvatnet til lovleg mottak. Økokrim sin reaksjon er i tråd med prinsippet om at forureining ikkje skal løne seg.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Rådgjevar Erling Espolin Johnson, juridisk seksjon
telefon 22 57 35 30, e-post erling.espolin.johnson@klif.no - Seksjonssjef Siri Sorteberg, seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
telefon: 22 57 36 17, e-post: siri.sorteberg@klif.no
Tema
