
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Relaterte tema:
Skal kartleggje bruk av sonar til volumberekningar av masser
24.10.07 SFT støttar Noregs geologiske undersøkingar (NGU) med inntil 450.000 kroner for å få ny kunnskap om i kva grad kartlegging med sonar er ein eigna metode for volumberekningar i eit djupvatnsdeponi.
NGU gjennomførte i 2004-2005 ei detaljert kartlegging av sjøbotnen i indre Oslofjord ved hjelp av sonar. NGU har søkt SFT om delfinansiering til å gjennomføre ei ny kartlegging våren 2008, for å registrere endringar i sjøbotnen i samanheng med deponeringa i djupvatnsdeponiet i området.
Prosjektet vil først og fremst vere eigna til å seie noko om bruk av sonar som metode, ikkje til å vurdere gjennomføringa av deponeringa i Oslo havn.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Direktør Marit Kjeldby, tilsynsavdelinga
telefon: 22 57 35 00, e-post: marit.kjeldby@klif.no - Seksjonssjef Kari Kjønigsen, sedimentseksjonen
telefon: 22 57 35 01, e-post: kari.kjonigsen@klif.no
Tema
