
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Åpent møte om kraft frå land
14.09.07 Torsdag 20. september kan du delta på eit åpent møte/seminar om elektrifisering av petroleumsinnretningar på norsk kontinentalsokkel. Seminaret finn stad i Oljedirektoratet sine lokale.
Oljedirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Klima- og forureiningsdirektoratet og Petroleumstilsynet har fått i oppdrag av Olje- og energidepartementet å utarbeide ein oppdatert tiltakskostnadsanalyse for kraft frå land/utsleppsfri kraft til petroleumsverksemda.
Seminar 20. september
Dei fire etatane inviterer forskingsmiljø, industri, aktuelle interesseorganisasjonar og andre i næring til eit seminar i Oljedirektoratet sine lokale i Stavanger torsdag 20. september.
Her vil etatane gjere greie for arbeidet. Etatane ønskjer dessutan innspel frå ulike aktørar. Vi inviterer derfor til korte presentasjonar frå utredingsmiljø, organisasjonar og næringsliv.
Påmelding innan 10. september
Du melder deg på per e-post til Rannveig Storebø i Oljedirektoratet, med kontaktopplysningar, kor mange som ønskjer å delta og eventuelt ønskje om å halde innlegg.
- Dato: Torsdag 20. september 2007
- Tid: Klokka 09.00–16.00
- Sted: Oljedirektoratet, Ullandhaug Stavanger
- Påmelding: Per e-post til rannveig.storebo@npd.no innan 10. september
Tema
