
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Relaterte tema:
Eksterne lenker
- NorACIA
Fagmøte om klimaendringar og forureining
05.08.08 NorACIA inviterer til fagmøte om klimaendringar og forureining i norsk Arktis. Fagmøtet blir arrangert onsdag 1. og torsdag 2. oktober 2008 på SFT sitt konferansesenter på Helsfyr i Oslo.
NorACIA
- NorACIA (2005-2009) er Miljøverndepartementets oppfølgingsprogram i kjølvatnet av Arktisk råd-prosjektet "Arctic Climate Impact Assessment".
- NorACIA skal hjelpe til å utvikle, samanstille og formidle kunnskap om klimaendringar – effektar og tilpassingar – i norsk del av Arktis.
- Norsk del av Arktis omfattar Nord-Noreg, Svalbard og Barentshavet.
Målgruppene for møtet er i fyrste rekkje forsking og forvaltning, men møtet er ope for alle med interesse for klimaendringar og forureining i nordområda.
Deltaking er gratis, og NorACIA spanderer lunsj begge dagane samt ein enkel middag på onsdagskvelden.
Fyrste del av møtet, onsdag 1. oktober kl. 10.00-12.30, vil gi ein overordna, populærvitskapleg introduksjon til temaet, mens resten av møtet vil ha form av ein fagleg workshop. Si frå ved påmelding dersom du berre ønskjer å delta på den innleiande delen.
Sjå førebels program (lenkje til høgre) for meir informasjon. Eventuell overnatting/reise blir organisert og blir dekt av den einskilde.
Påmelding
Påmelding til njaastad@npolar.no innan fredag 29. august 2008. Gi melding ved påmelding om du vil delta på lunsj fyrste og/eller andre dag og/eller middag fyrste dag.
Tema
