Til toppen av siden

Forbod mot PAH i dekk frå 2010

27.02.08 Miljøverndepartementet har fastsett forbod mot bildekk med polyaromatiske hydrokarbon (PAH). Forbodet gjeld frå 1. januar 2010.

Polyaromatiske hydrokarbon (PAH)

  • I stoffgruppa PAH finn vi mange forskjellige bindingar. Nokre av desse er giftige, arvestoffskadelege og kreftframkallande.
  • PAH dannast ved all ufullstendig forbrenning av organisk materiale.
  • Flere PAH-bindingar er meget giftige for organismar som lever i vatn.

Forbodet mot PAH i bildekk stammar frå eit EU-direktiv som forbyr mjuknarolje med åtte forskjellige PAH.

Fem tonn PAH frå bildekk

I Norge spreiast det kvart år sju tonn PAH gjennom vegstøv. Fem tonn av dette stammar frå gummistøv frå slitasje av bildekk.

Årsaka er at PAH-haldig olje ofte vert brukt som mjuknarolje i dekka. Olja løysast i gummiblandinga, men er ikkje kjemisk bunden, slik at ho lett forsvinn ut i naturen ved slitasje.

Dyrare dekk, lågare drivstofforbruk

Det er ingen dekkproduksjon i Noreg, men forbodet mot PAH vil ha betyding for importørar av dekk og bilar fordi bildekk kan bli dyrare. På den anna side vil forbodet mot PAH i bildekk kunne føre til at bilane får lågare drivstofforbruk fordi dekk utan PAH har lågare rullemotstand.

Forbodet ventast å gje betre arbeidsmiljø i verksemder som regummierer dekk.

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • Senioringeniør Morten Helle, seksjon for produktretta miljøvern
    telefon: 22 57 34 73, e-post: morten.helle@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden