
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Kontrollerer flyplassar
01.02.08 SFT og Fylkesmannen vil i år kontrollere at flyplassar over heile landet handterer bruken av avisingskjemikalium godt nok.
Kjemikalium for avising og brannøving
- Kjemikalium for avising av fly og rullebaner består av propylenglykol, vatn og tilsetningsstoff (1 prosent).
- Det vanlegaste og mest miljøvenlege baneavisingskjemikaliet er formiat.
- Flyplassane skal ha ei sikker handtering og oppsamling av fly- og baneavisingsvæske og forureina snø.
- Frå 1. juli 2007 blei det forbode å bruke brannskum med PFOS.
Forureiningsmyndigheitene skal kontrollere eit utval private, statlege og militære flyplassar i ei lang rekkje fylke og på Svalbard.
Klima- og forureiningsdirektoratet koordinerer aksjonen. Fylkesmannens miljøvernavdeling og Sysselmannen på Svalbard er tilsynsmyndigheit.
Krav til bruk og utslepp av kjemikalium
Driftsoperatørane på flyplassane bruker i dag betydelege mengder kjemikalium for å avise fly og rullebaner og ved brannøvingar. Fylkesmannen stiller krav til korleis desse kjemikalia skal handterast.
Forureiningsmyndigheitene vil kontrollere at flyplassane følgjer krava til miljøvurderingar ved val og bruk av avisingskjemikalium, og at alle kjemikalia i brannskummet og brannslukkeanlegg på brannøvingsfelta er i tråd med regelverket.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Senioringeniør Ingegerd Aanonsen, seksjon for industrikontroll
telefon: 35 58 62 10, e-post: ingegerd.aanonsen@klif.no - Overingeniør Randi Warland, seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
telefon: 22 57 36 70, e-post: randi.warland@klif.no - Sjefingeniør Marie Nordby, seksjon for industri- og offshorekontroll
telefon: 22 57 36 16, e-post: marie.nordby@klif.no
Tema
