Til toppen av siden

Grunnlagsmateriale for kraft frå land-studien

31.01.08 Oljedirektoratet (OD), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Petroleumstilsynet (Ptil) og Klima- og forureiningsdirektoratet la 4. januar 2008 fram ein ny rapport om kraft frå land. Etatane offentleggjer også grunnlagsmaterialet.

Berekningane i rapporten "Kraft frå land til norsk sokkel" tek utgangspunkt i teknologi som blir vurdert tilgjengeleg i dag, men rapporten framstiller også alternativ og teknologi som kan utviklast i framtida. Dette gjeld for eksempel kraft frå land til bruk på flytande ikkje-vinddreiande innretningar.

Flytande ikkje-vinddreiande innretningar

Ved større funn skjer nye utbyggingar offshore no i stor grad ved bruk av flytande innretningar. Ved val av flytande ikkje-vinddreiande innretningar, som semier og sylindriske volumskrog, er det mogeleg å elektrifisere nye felt frå produksjonsstart.

Nokre år fram i tid vil det kanskje vere mogeleg å elektrifisere flytande produksjonsskip (FPSO-er). Desse kan i dag berre elektrifiserast ved lave spenningsnivå og kortare avstandar, til dømes i ei kraftsamkøyring.

Sentralisert kraftproduksjon med CO.2-fangst

Sevan Marine og Aker Kværner vurderer det som teknisk mogeleg å etablere offshore kraftproduksjon med CO2-fangst på sokkelen.

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • Seniorrådgjevar Are Lindegaard, seksjon for miljøøkonomi og samferdsel
    telefon: 22 57 37 28, e-post: are.lindegaard@klif.no
  • Senioringeniør Elin Økstad, klima og energiseksjonen
    telefon: 22 57 36 56, e-post: elin.okstad@klif.no
  • Senioringeniør Sissel Sandgrind, seksjon for petroleumsvirksomhet
    telefon: 22 57 36 14, e-post: sissel.sandgrind@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden