Til toppen av siden

Ber NOAH Langøya behandle forureina massar frå Alexela

08.07.08 SFT ber NOAH Langøya ta imot restane av forureina grus frå opprydjing etter eksplosjonen i Gulen kommune i fjor. Alexela Sløvåg AS har erkjent overfor SFT at dei ikkje har nokon avtale om levering av massane på plass.

Forureina massar etter eksplosjonen i Gulen

  • Delar av tankanlegget hos Vest Tank i Gulen kommune eksploderte 24. mai 2007. SFT melde tidlegare i år bedrifta for fleire forhold.
  • Under eksplosjonen oppstod to ulike typar forureina masse:
  • Det mest forureina avfallet var forbrent slam som blei liggjande igjen i botten av tankane som brann og tankgarden. Dette avfallet er fjerna frå bedrifta sitt område og sendt til Renor AS i Brevik til forbrenning.
  • I tillegg blei grust i området rundt tankane forureina under brannen. Bedrifta har samla opp om lag 2600 tonn med slik forureina grus. Av dette er 300 tonn leverte Mjelstad Miljø på Osterøy. 1500 tonn er leverte til NOAH Langøya. Dei resterande 800 tonna forureina grus er pakka i sekker på området til bedrifta.

NOAH Langøya stadfestar overfor SFT at dei er villig til å hjelpe til med ei snarleg løysing i saka, innanfor ramma av løyvet frå SFT. SFT understrekar at Alexela Sløvåg omgåande må inngå ein bindande avtale om levering av massane, om lag 800 tonn grus som blei forureina under eksplosjonen.

Dersom slik avtale ikkje ligg føre seinast 31. juli, vil SFT sjølv sørgje for at avfallet blir levert godkjent avfallsmottak på bedrifta si rekning.

Pålagt å fjerne avfallet

SFT har tidlegare kravd at Alexela Sløvåg innan 1. juli måtte fjerne dei resterande forureina grusmassane frå opprydjinga etter eksplosjonen ved bedrifta i fjor. Dersom bedrifta ikkje klarde dette, stilte SFT krav om at massane skulle pakkast i tette sekker for å hindre spreiing av lukt fram til massane blei fjerne frå området.

Innpakking i tette sekker skulle vere ei mellombels løysing dersom det skulle oppstå forseinkingar i arbeidet med fjerning.

Har fått motstridande opplysningar

Bedrifta stadfesta overfor SFT 15. juni at dei hadde funne ei løysing for fjerning av avfallet med behandling i Tyskland. 3. juli erkjende likevel bedrifta at ein slik avtale likevel ikkje var på plass.

- Vi ser alvorleg på at bedrifta ikkje har etterlevt pålegget vårt og at dei har gitt oss urette opplysningar om behandlingsløysinga, seier SFT-direktør Ellen Hambro.

Nødvendig med forsvarleg behandling

Det er bedrifta sjølv som er ansvarleg for opprydning og nødvendige avtalar om fjerning og behandling av forureina massar.

- Det er ekstraordinært at SFT går inn i marknaden og finn behandlingstilbod, men no var det nødvendig å sørgje for at ei løysing kom på plass, seier SFT-direktør Ellen Hambro.

NOAH kan ta imot avfallet

SFT har kontakta NOAH, som eig og driv eit behandlingsanlegg for farleg avfall på Langøya. Dei stadfestar at dei kan stille ressursar til disposisjon for behandling av massane så hurtig som mogeleg.

- Vi er glad for at NOAH på denne måten vil hjelpe til med ei løysing til beste for befolkninga i Gulen, seier SFT-direktør Ellen Hambro.

Alexela Sløvåg må snarast inngå dei nødvendige avtalane og kome til semje med NOAH eller eit anna lovleg behandlingsanlegg om dei nærmare vilkåra.

Spørsmål kan rettast til SFT:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden