Til toppen av siden

Helse- og miljøstyresmaktene vil møte befolkninga i Gulen

12.06.08 Folkehelseinstituttet, Klima- og forureiningsdirektoratet og Gulen kommune har god dialog om det vidare arbeidet i Vest Tank-saka og vil invitere til eit felles folkemøte i Gulen onsdag 2. juli.

Kommunelegane i Gulen og Masfjorden har gjennomført ei gransking av helseplager knytt til eksplosjonsulukka ved Vest Tank i Gulen kommune 24. mai 2007. Denne rapporten er klar måndag 16. juni 2008.

- Fagekspertane ved Folkehelseinstituttet vil gå igjennom den nye helserapporten og gjere ei miljømedisinsk ekspertvurdering, seier direktør Geir Stene-Larsen ved Folkehelseinstituttet.

Denne ekspertvurderinga vil byggje på all tilgjengeleg informasjon om eksponeringstilhøve og helseproblem relaterte til den tidlegare og noverande situasjonen. Vurderinga til folkehelseinstituttet er klar innan utgangen av juni månad.

- Slik saka har blitt presentert i mediene dei siste dagane, er det uheldig at det for befolkninga kan sjå ut som det er tvil om kva som var på tankane som eksploderte. Kva som var på tankane, har vore kjend lenge. SFT er oppteke av å gjere alt for at bedrifta følgjer pålegget vårt om snarast rydje opp og fjerne dei forureina massene som er igjen, seier SFT-direktør Ellen Hambro.

Gulen kommune, Folkehelseinstituttet og SFT vil derfor invitere til eit nytt folkemøte om saka onsdag 2. juli.

Spørsmål kan rettast til:

  • Medievakta ved Folkehelseinstituttet
    www.fhi.no/presse
  • SFT-direktør Ellen Hambro
    telefon: 22 57 34 94, mobil: 950 47 744
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden