
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Boliden Odda bøtelagd for sinkutslepp
09.05.08 Boliden Odda AS har vedteke eit førelegg frå politiet i Hordaland på to millionar kronar etter at dei i mai i fjor slapp ut rundt 4,5 tonn sink til Sørfjorden, i tillegg til svovelsyre og mindre mengder kadmium og kobbar. SFT melde i fjor bedrifta til politiet.
Det akutte utsleppet var svært høgt, og tilsvarde 86 prosent av utsleppa til bedrifta av sink i heile 2005. SFT så svært alvorleg på utsleppet, som hadde stort potensial for miljøeffektar i fjorden.
Stort sinkutslepp
Sink er akutt giftig ved høge konsentrasjonar. Berekningar frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA) viste at det gjekk noko tid før utsleppet blei tilstrekkeleg fortynt til å vere under grenseverdien for kva som reknas som akutt giftig.
Det er derfor sannsynleg at djupvatnsområde i Sørfjorden blei påverka av sinkkonsentrasjonar som blir rekna som akutt giftige. Utsleppet har likevel ikkje gitt store langtidseffektar.
To millionar i bot
Boliden Odda AS har vedteke eit førelegg frå politiet i Hordaland på to millionar kronar. Bedrifta fekk bota for det ulovlege utsleppet og for brot på reglane om internkontroll.
Tryggleiksvurderinga før tanken blei teken i bruk, var mangelfull. Boliden Odda AS hadde heller ikkje gode nok system for å oppdage denne typen uhell, og omfanget av utsleppet kunne derfor vore redusert.
Bedrifta har i etterkant gjennomført fleire tiltak for å hindre at liknande situasjonar hender igjen.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Seksjonssjef Siri Sorteberg, seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
telefon: 22 57 36 17, e-post: siri.sorteberg@klif.no - Seksjonssjef Anne-Elisabeth Arnulf, seksjon for industrikontroll
telefon: 35 58 62 08, e-post: anne-elisabeth.arnulf@klif.no
Tema
