Til toppen av siden

Bruk av spillolje på grusvegar

26.05.08 SFT er gjort merksam på fleire tilfelle der spillolje blir brukt på grusvegar som tiltak støvdempingstiltak. Dette er ikkje tillate fordi det kan føre til lokal vatn- og grunnforureining.

Spillolje og anna oljehaldig avfall er farleg avfall. Det skal leverast til godkjend mottak for farleg avfall. Det er ikkje lov til å nytte dette som støvdempingsmiddel, å brenne det eller helle det i avløp eller i naturen.

Skal leverast til godkjente mottak

Private huslyder skal levere spillolje til dei kommunale mottaka for farleg avfall. Verksemder skal også levere til eit godkjent mottak, men kan velje om dei leverer til kommunalt eller privat mottak. Levering frå verksemder skal dokumenterast gjennom deklarasjonsskjemaet for farleg avfall.

Spillolje. Foto: SFT.
Farleg avfall: Spillolje på avvegar kan føre til vatn- og grunnforureining.

Spørsmål kan rettast til SFT:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden