
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Kvikksølv i næringskjede på Svalbard
13.05.08 Dyr i Arktis høgt opp i næringskjeda, har høgre nivå av kvikksølv enn dyr lågt ned i næringskjeda. Fuglar som polarmåse og havhest høgt i næringskjeda, har høgre nivå av kvikksølv enn polartorsk og små krepsdyr som dei lever av.
Norsk Polarinstitutt har eit prosjekt om kvikksølv i marine næringskjeder i Arktis. Klima- og forureiningsdirektoratet har finansiert analysar av kvikksølv i dette prosjektet. Dyr på ulike nivå i næringskjeda er undersøkt, frå små krepsdyr til fuglar på toppen av næringskjeda.
Mest kvikksølv høgast i næringskjeda
Resultata syner at heilt nedst i næringskjeda, hos zooplankton, var det ikkje mogleg å oppdage kvikksølv. Polartorsken står noko over zooplankton i næringskjeda og i torsken vart noko kvikksølv funne.
Fuglane polarmåse og havhest, som står på toppen av næringskjeda, hadde dei høgste nivåa av kvikksølv.
Samanheng mellom konsentrasjon
Ved å undersøkje kva nivå i næringskjeda dei ulike artane er på, vart det mogleg å fastslå at det er ein klar samanheng mellom konsentrasjonen av kvikksølv i dyra og kva nivå i næringskjeda artane er på.
Det tyder at kvikksølv samlar seg i høgare konsentrasjonar hos dei artane som er på toppen av marine næringskjedei Arktis.
Spørsmål kan rettast til:
- Norsk Polarinstitutt: forsker Geir W. Gabrielsen, miljøgifter
telefon: 77 75 05 29, e-post: geir.wing.gabrielsen@npolar.no - SFT: seniorrådgjever Jon L. Fuglestad, vassseksjonen
telefon: 22 57 37 26, e-post: jon.fuglestad@klif.no
Tema
