Til toppen av siden

Omfattande manglar hos behandlingsanlegg for farleg avfall

06.05.08 Kontroll av tankparkane hos fire behandlingsanlegg for farleg avfall frå offshore og skip avdekte betydelege manglar ved risikovurdering og vedlikehaldet til verksemdene. I tillegg er fleire av tankane i dårleg forfatning. Verksemdene må rette opp forholda innan ein kort frist.

Kontrollerte fire anlegg i Hordaland

I april kontrollerte DSB og SFT fire behandlingsanlegg i Hordaland:

  • Wergeland-Halsvik AS i Gulen kommune
  • Stena Metall på Mongstad i kommunanekommunene Lindås og Austrheim
  • TWMA (tidlegaretidligere Soilcare) på Mongstad
  • Franzefoss Gjenvinning AS, region Vest i Fjell kommune

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Klima- og forureiningsdirektoratet gjennomfører i år ein felles tilsynsaksjon av anlegg som handterer farleg avfall frå oljeindustrien.

Kontroll av dei fire anlegga var første del av ein aksjon. Nærmare 15 anlegg vil bli kontrollerte av DSB og SFT i løpet av året.

Brot på regelverket

DSB og SFT fører tilsyn med at regelverket på desse områda blir følgt opp av dei enkelte verksemdene. Dei siste åra har myndigheitene sitt tilsyn med denne bransjen avdekt ein del brot på regelverket for internkontroll og mangelfull reinsing av utslepp til vatn.

Eksplosjonen i tankanlegget til Vest Tank i Gulen kommune i fjor er og ei årsak til at DSB og SFT samarbeider tettare og styrkjer kontrollane.

– Det er særs viktig at anlegga har god styring og kontroll på lagring av farleg avfall. Konsekvensane ved brannar, eksplosjonar eller utslepp kan bli store for omgjevnadene, seier SFT-direktør Ellen Hambro og DSB-direktør Jon Lea.

Mangelfulle rutinar

DSB og SFT sjekka spesielt om at krava til risikovurderingar, utstyr, tilstandskontroll og vedlikehald blir etterlevt. Kontrollane avdekte at verksemdene har mangelfulle rutinar for vurdering av risiko og tilstandskontroll og for vedlikehald av tankparken.

- Vi ser svært alvorleg på dei mangelfulle rutinane ved dei fire anlegga. Vedlikehald og risikovurdering er blant dei viktigaste tiltaka verksemdene har for å hindre eller avgrense forureining og andre ulykker, seier SFT-direktør Ellen Hambro og DSB-direktør Jon Lea.

Må rette forholda

Dersom brot på regelverket ikkje blir retta opp innan ein kort frist, vil SFT påleggje tvangsmulkt for å få verksemda til å rette opp forholda. Ved særleg alvorlege brot vil DSB og SFT vurdere å melde verksemda til politiet.

Spørsmål kan rettast til:

  • SFT: Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad, seksjon for industri- og offshorekontroll
    telefon: 22 57 36 64, e-post: bjorn.bjornstad@klif.no
  • DSB: Avdelingsleder Tom Ivar Hansen, enhet for risikovirksomheter
    telefon: 33 41 27 83, e-post: tom.hansen@dsb.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden