
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir:
Miljøstatus i Norge
Relaterte tema:
Stor auke i klimagassutsleppa
13.05.08 Etter to år med nedgang gjekk klimagassutsleppa opp nesten 3 prosent i 2007 i forhold til året før. Det har aldri før blitt utrekna høgare utslepp for Noreg.
Dette viser nye førebelse utsleppstall for 2007 frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og Klima- og forureiningsdirektoratet.
Dei samla norske klimagassutsleppa var på 55,0 millionar tonn CO.2 -ekvivalentar i 2007. Dette er 1,5 millionar tonn eller 2,7 prosent meir enn i 2006, og ein oppgang på nær 11 prosent samanlikna med 1990. Etter to år med nedgang i utsleppa, blant anna på grunn av redusert produksjon av råolje, var dei i 2007 noko over nivået i det tidlegare toppåret 2004.
Tema
