
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir:
Relaterte tema:
Miljøgifter i innløps- og utløpsvatn frå kommunale reinseanlegg i 2006
03.03.08 Aquateam har på oppdrag frå SFT rekna ut tilførsler til og utslepp frå kommunale reinseanlegg i 2006 for tungmetall og organiske miljøgifter. Rapporten syner at tilførsler og utslepp frå avløpsreinseanlegg i 2006 er i same storleik som i 2005.
Berekningane tek utgangspunkt i innsamla datamateriale frå 32 avløpsanlegg. Dette utgjer rundt 56 prosent av norske avløpsanlegg større enn 50 personekvivalentar.
Stor uvisse
Det er stor uvisse knytt til utsleppstala. Dataa vil bli nytta i berekning av nasjonale utsleppstal for tungmetall og organiske miljøgifter.
SFT meiner at det er viktig at det framleis blir arbeidt aktivt for å fjerne miljøgiftene og tungmetalla ved kjelda, før dei blir slopne på avløpsnettet.
Ny rettleiar
Ei meir einsarta rapportering frå laboratoria til avløpsanlegga vil kunne gi anlegga betre oversikt, redusere feilrapporteringa og gi sikrare data, noko den nye rettleiaren for prøvetaking og analyse av miljøgifter i innløps- og utløpsvann frå avløpsreinseanlegg vil kunne føre til.
Spørsmål kan rettast til SFT:
-
SFT: Sjefingeniør Harald Gaarde, vasseksjonenen
telefon: 22 57 36 80, e-post: harald.gaarde@klif.no
Tema
