Til toppen av siden

Rettleiar for MOB-land-modellen

04.03.08 Norske institutt for naturforsking (NINA) og SFT har utvikla ei brukarrettleiing for den såkalla MOB-Land-modellen.

SFT fekk i 2001 utarbeidt ein modell for identifikasjon og prioritering av spesielt sårbare befolkningskonsentrasjonar og miljøressursar ved akutte forureiningar på land (MOB-Land).

Modellen er eit vedtaksgrunnlag for vernebuingsorganisasjonar som blir involvert i miljøulukker og for planlegging av miljøvernebuinga.

Nyttig redskap

Det har vist seg at enkelte element i modellen kan vere noko vanskeleg tilgjengeleg og at det var behov for ei meir detaljert forklaring på framgangsmåten ved bruk av modellen. SFT bad derfor Norsk institutt for naturforsking (NINA) å utvikle ei brukarrettleiing til MOB-Land-modellen.

Brukarrettleiinga tek utgangspunkt i sjølve modellen og det er nødvendig å ha denne tilgjengeleg når brukarrettleiinga blir lesen. Målet er at rettleiinga blir eit nyttig redskap i kartlegging og prioritering av miljøressursar i vernebuinga mot akutt forureining.

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • Senioringeniør Lars Drolshammer, seksjon for mineralsk og petrokjemisk industri
    telefon: 33 03 48 22, e-post: lars.drolshammer@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden