Til toppen av siden

Tenk miljø når du vaskar bilen

31.03.08 Bilvask kan føre til at giftige og tunge nedbrytbare stoff hamner i naturen via avløpsvatnet. SFT tilrår å velje svanemerkte bilpleiemidlar når dette er mogeleg.

Bilvask: Foto: iStockphoto
Miljøskadeleg:
Mange av stoffa som er tilsette i bilpleiemidlar for å gi ein rein og blank bil, er giftige og tungt nedbrytbare i naturen. Desse stoffa kan til sjuande og sist ende i naturen via vaskevatnet. Resultatet kan bli skadar på organismar i vatn.

I eit nytt informasjonsark om bilpleie tilrår SFT:

  • Bruk minst mogeleg kjemikal.
  • Vel ein vaskeplass der avløpsvatnet går til offentleg kloakk.
  • Vel mekanisk vask, som krev mindre sterke vaskemiddel enn vask utan børste.

Svanemerkte bilpleiemidlar

I tillegg tilrår SFT å nytte bilpleiemidlar merkt med det offisielle nordiske miljømerket Svanen, som har redusert innhald av miljøskadelege stoff. Svanemerkte produkt skal likevel dokumentere at dei har god effekt og høg kvalitet.

Spørsmål kan rettast til SFT:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden