
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
EU-kommisjonen tilrår å preregistrere reimport
28.11.08 SFT vil minne om at bedrifter som reimporterar stoff, også må preregistrere desse stoffa innan fristen som går ut måndag 1. desember. SFT har vorte merksam på at ikkje alle verksemder har vore klare over dette.
Reimporterte stoff er under spesielle vilkår unnateke frå registrering i REACH (jf. artikkel 2 (7) (c)). Dei fleste stoff, såkalla innfasingsstoff, vil fyrst bli registrerte i REACH frå og med 2010. EU-kommisjonen tilrår derfor sterkt verksemder å preregistrere reimporterte stoff slik at dei kan dra nytte av dei utvida tidsfristane for registrering. Seinare vil dei reimporterte stoffa eventuelt kunne bli unnateke frå registrering dersom stoffa blir registrerte av ein annan aktør i forsyningskjeden. Preregistreringsfristen er 1. desember 2008. Preregistreringa blir gjort her: http://echa.europa.eu/pre-registration_en.asp
Tema
