Til toppen av siden

Vraket av ubåt U-864

10.11.08 Kystverket er forureiningsmyndigheit for handtering av forureininga ved vraket av den tyske ubåten U-864, som blei senka utanfor Fedje i Hordaland i 1945. Ubåten var lasta med kvikksølv, og det er funne kvikksølv både i vraket og i sjøbotnen rundt.

Klima- og forureiningsdirektoratet er miljøfagleg rådgjevar for Kystverket ved handtering av forureiningssituasjonen i slike saker. Vi har hatt tett dialog med Kystverket om vurderinga deira av dei aktuelle tiltaka for å fjerne forureiningsfaren frå vraket av ubåten: dekkje til og heve.

I tillegg er SFT ansvarleg myndigheit for å regulere farleg avfall. Kvikksølv er definert som farleg avfall, og det skal leverast til eit godkjent mottak dersom det blir aktuelt å ta det opp av sjøen.

Hindre spreiing av forureining

SFT føreset at tiltaket som blir valt, ikkje fører til  spreiing av forureining. SFT er også oppteke av at forureiningssituasjonen ved vraket blir overvakt svært nøye både før, under og etter gjennomføringa av tiltaka.

Spørsmål kan rettast til SFT:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden