Til toppen av siden

Informasjon om forbodet mot deponering av nedbrytbart avfall

02.10.08 Frå 1. juli 2009 er det forbode å deponere alt nedbrytbart avfall - med visse unnatak. Deponering av nedbrytbart avfall fører til omfattande utslepp av klimagassar og miljøskadeleg sigevatn, og nedbrytbart avfall inneheld også verdifulle ressursar som kan utnyttast ved anna behandling enn deponering.

I det nye informasjonsarket om nedbrytbart avfall frå Klima- og forureiningsdirektoratet, finn du:

  • Informasjon om avfallstypane der forbodet ikkje gjeld.
  • Presisering av kva som meinest med nedbrytbart avfall.
  • Informasjon om grenseverdiar for kva mengder organisk materiale som er tillatne å deponere.
  • Orientering om målemetodar for måling av innhald av organisk materiale.
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden