
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les mer:
Relaterte tema:
Trur klimamål i Noreg og EU vil bli oppfylt
16.10.08 Noreg og EU har lagt planar som vil gjera at klimamåla i Kyotoprotokollen kan bli oppfylt. Det konkluderar Det europeiske miljøbyrået (EEA) med i ein ny rapport om utslepp av klimagasser frå europeiske land.
SFT nasjonal EEA-koordinator
- Gjennom EØS-avtalen deltar Noreg i det europeiske miljøsamarbeidet under Det europeiske miljøbyrået (EEA).
- SFT er nasjonal koordinator for EEAs arbeid med innsamling, sammenstilling og formidling av miljødata og miljøinformasjon.
Rapporten ”Greenhouse Gas Emission Trends and Projections in Europe 2008” er basert på det enkelte land sin årlege rapport til EEA om historiske klimagassutslepp, prognose for framtidige utslepp, planlagde verkemiddel og tiltak og kva planar det enkelte land har for å nå målet i Kyotoprotokollen.
Det er utsleppstal for åra 1990-2006 og utsleppsprognose for 2010 som vert presentert i EEA-rapporten. Rapporten vurderer landas prognosar for framtidige utslepp. Det er samandraget av rapporten og omtale av det enkelte land som no er lagt fram.
Noreg vil overoppfylla målet med 10 prosent
Framskrivinga av klimagassutsleppet i Noreg er frå Nasjonalbudsjettet for 2008. Noreg har på same måte som mange EU-land, planlagt å oppfylla målet ved bruk av vedtekne og planlagde nasjonale tiltak og verkemiddel og ved kjøp av utsleppsrettar frå andre land gjennom dei fleksible Kyotomekanismane.
Som det går fram av rapporten, har Noreg vedteke å overoppfylla målet i Kyotoprotokollen med 10 prosent.
EU kan overoppfylla målet med 3,3 prosent
EEA-rapporten viser at den såkalla EU 15-gruppa - som er dei 15 landa som vart medlem av EU i 1997 - kan med vedtekne og planlagde nasjonale tiltak, karbonbinding og kjøp av utsleppsrettar i land utanfor EU ha eit utslepp i 2010 som er 11,3 prosent lågare enn målet i Kyotoprotokollen, som er at utslappa må reduserast med 8 prosent.
Av dette vil 3 prosent vera kjøp av utsleppsrettar i andre land. Sverige, Storbritannia, Hellas og Tyskland vil nå målet med nasjonale tiltak og verkemiddel.
Kyotoprotokollen eit fyrste skritt
Kyotoprotokollen er berre eit fyrst forsiktig skritt. Det er behov for betydelege større kutt for å unngå klimaendringar. FN sitt klimapanel (IPCC) har i sin siste hovudrapport slått fast at om ein skal kunne stabilisere auken i den globale middeltemperaturen på 2-2,4 gradar, vil den globale utsleppsvoksteren måtte snus seinast i 2015 og reduserast med 50-85 prosent innan 2050.
Industrilanda må allereie innan 2020 redusere utsleppa sine med 25-40 prosent.
Spørsmål kan rettast til:
- SFT: klimarådgjevar Audun Rosland, klima- og energiseksjonen
telefon: 22 57 35 47, e-post: audun.rosland@klif.no - EEA: presserådgjevar Òscar Romero
telefon: +45 33 36 72 07, e-post: oscar.romero@eea.europa.eu
Tema
