
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Pachauri attvald som leiar for FNs klimapanel
05.09.08 Rajendra K. Pachauri frå India er vald til leiar for FNs klimapanel (IPCC) i seks nye år.
Valet av Pachauri skjedde ved akklamasjon og utan motkandidat på møtet til klimapanelet i Genève denne veka. Dermed vil indaren også leie arbeidet med den femte hovudrapporten til klimapanelet, som skal kome i 2014.
Totalt blei 30 personar valde inn i styret til klimapanelet for dei neste seks åra.
Gjennomslag for Noreg
FNs klimapanel (IPCC)
- Etablert av Verdens meteorologiorganisasjon (WMO) og miljøprogrammet til FN (UNEP) i 1988.
- Kom med sin fjerde hovudrapport i 2007. Rapportane er ekna som det viktigaste faglege grunnlaget for den internasjonalen klimapolitikken. Dei tre tidlegare hovudrapportane kom i 1990, 1995 og 2001.Som "National focal point" for IPCC i Noreg har SFT ei koordinerande rolle opp mot klimapanelet.
Noreg og FN-organisasjonen International Strategy for Disaster Reduction gjorde på møtet i Genève framlegg om at klimapanelet skal utarbeide ein spesialrapport om korleis farane forbundet med klimarelaterte naturkatastrofar og ekstremvær kan reduserast.
Forslaget var underbygt med rapporten ”Disaster risk reduction, climate change adaption and human security”, utarbeidt ved Universitetet i Oslo på oppdrag frå Utenriksdepartementet.
Klimapanelet vedtok at dei tidleg neste år skal halde eit ekspertmøte for å diskutere innhaldet i ein slik rapport. Møtet vil bli halde i Noreg. Etter møtet vil klimapanelet ta endeleg stilling til om spesialrapporten vil bli utarbeidd.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- Seniorrådgjevar Øyvind Christophersen, klima- og energiseksjonen,
telefon: 22 57 37 24, mobil: 957 35 448, e-post: oyvind.christophersen@klif.no
Tema
