Til toppen av siden

Elektronisk rapportering for bedrifter og avfallsdeponi

16.02.09 Skjema for eigenrapportering for industriverksemder og avfallsdeponi for 2008 er tilgjengeleg på nettstaden AltInn frå mandag 16. februar 2009. Fristen for rapportering er mandag 16. mars. Verksemdene skal rapportere alle utslepp av betydning for miljøet.

Fristen for rapportering gjeld verksemder med løyve frå SFT eller Fylkesmannen med rapporteringsplikt og verksemder som ble pålagt rapporteringsplikt i brev datert 25. januar 1993.

PRTR-protokollen under Århus-konvensjonen

Norge har også forplikta seg til å samle inn informasjon om utslepp frå bedrifter gjennom den såkalla PRTR-protokollen under Århus-konvensjonen.

Norge rapporterer utsleppsdata frå bedrifter videre til det europeiske utsleppsregisteret der data frå EU-landa vert samla.

Bedrifter omfatta av avtale mellom Norsk industri og Miljøverndepartementet

Omtrent 40 bedrifter med klimagassutslepp som ikkje er omfatta av klimakvotesystemet, er omfatta av ein avtale mellom Norsk industri og Miljøverndepartementet.

Desse bedriftene skal som tidlegare rapportere utslepp av klimagassar på eigne bransjetilpassa skjema.

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • overingeniør Lars Petter Bingh, seksjon for kjemikalier og metallurgisk industri
    telefon: 22 57 34 80, e-post: larspetter.bingh@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden