
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Eras Metal bøtelagd etter ulovleg utslepp
08.01.09 SFT melde Eras Metal AS i Høyanger i Sogn og Fjordane til politiet for ulovleg utslepp av 15 tonn slurry til Høyangsfjorden. Verksemda har no vedteke politiet si bot på 300.000 kroner.
Eras Metal AS hadde i september 2006 eit større akuttutslepp då 14,7 tonn slurry frå produksjon av sinkoksid rann ut i Høyangsfjorden. Over 4 tonn av slurryen var såkalla ERAS-oksid, som etter analyse viste seg å innehalde ca. 125 kilo bly. Det er 12-13 gonger meir bly enn det bedrifta hadde løyve til å sleppe ut årleg.
Alvorleg utslepp
SFT såg svært alvorleg på hendinga fordi utsleppet av bly til Høyangsfjorden var ein alvorleg miljøtrussel. Bly blir akkumulert i miljøet og blir teke opp av blant anna sjødyr, slik at tilførsle av bly i denne storleiken er svært uheldig for tilstanden i fjorden. SFT melde derfor bedrifta til politiet.
Sogn og Fjordane politidistrikt ga Eras Metal AS i høst ei bot på 300.000 kroner for utsleppet. Verksemda har no vedteke bota.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- seksjonssjef Harald Sørby, seksjon for mineralsk og petrokjemisk industri
telefon: 22 57 34 74, e-post: harald.sorby@klif.no - senioringeniør Bente Sleire, seksjon for mineralsk og petrokjemisk industri
telefon: 22 57 35 59, e-post: bente.sleire@klif.no
Tema
