Til toppen av siden

Ein milestolpe for avfallshandteringa

16.07.09 16. juli 2009 er siste frist for at norske avfallsdeponi skal oppfylle nye og strengare miljøkrav. Det er ein milestolpe etter eit tiår med stor satsing på miljøtenleg oppgradering av avfallsdeponia.

EU sitt deponidirektiv blei teke inn i norsk regelverk i 2002, med ein overgangsperiode for noverande anlegg fram til 16. juli 2009. Etter denne datoen, gjeld nye og strenge miljøkrav for alle deponi som er i drift.

Mindre utslepp av klimagassar og miljøgifter

Færre deponi

  • Då det nye deponiregelverket blei vedteke i 2002, var det omtrent 110 ordinære deponi i drift. I dag er dette talet om lag 70 deponi.
  • Reduksjonen i talet på deponi, skuldast stort sett dei nye og strengare krava som har vore på veg.
  • Samtidig har det nye regelverket ført til ei nær halvering av industrideponi i drift.

– Vi forventar at dette vil føre til vesentleg mindre miljøbelastning frå deponering. Dette gjeld både reduserte utslepp av klimagassar og miljøgifter til vatn. For å få til dette, har både deponieigarar og myndigheitene gjort ein omfattande innsats, seier seksjonssjef Pål Spillum i Klima- og forureiningsdirektoratet.

Mange avfallsdeponi har fått nye løyve i løpet av 2009. Fylkesmennene har jobba intensivt for å kome i mål innanfor denne fristen.

Mindre deponering

– Sjølv om det blir mindre deponering i tida framover, er det viktig at vi beheld ein del deponi og at desse held høg miljøstandard. For enkelte avfallstypar finst det ikkje andre behandlingsløysingar, seier seksjonssjef Pål Spillum i SFT.

Nå står det att å sørgje for ei mest mogeleg miljøtenleg forsvarleg avslutning og etterdrift av dei deponia som frå i dag av ikkje lenger kan ta i mot avfall.

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • seksjonssjef Pål Spillum, seksjon for avfallsbehandling og grunnforureining
    telefon: 22 57 35 20, e-post: pal.spillum@klif.no
  • senioringeniør Rita Vigdis Hansen, seksjon for avfallsbehandling og grunnforureining
    telefon: 22 57 36 30, e-post: rita-vigdis.hansen@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden