
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Xstrata Nikkelverk godtek førelegg
22.07.09 SFT melde i mars i år Xstrata Nikkelverk AS i Kristiansand til politiet for utslepp av 0,5–1,3 kubikkmeter konsentrert svovelsyre til sjøen. Nikkelverket har no godteke førelegget frå politiet på 125 000 kroner.
Utsleppet ved Kristiansand-verksemda skjedde i oktober 2008 då ein lagertank for svovelsyre skulle takast ut for tilstandskontroll.
Død fisk
Slam i botnen av tanken, beståande av konsentrert svovelsyre og utfellingar frå sjølve tankplatene, blei spylte via fangdam og til sjø. Ein halv time etter utsleppet blei det oppdaga død fisk og døde sjøstjerner i sjøen ved utløpet av dreneringsrøyra frå fangdammen.
Xstrata Nikkelverk sette straks i gang tiltak for å minimere verknaden av forureininga.
Melde utsleppet til politiet
SFT såg svært alvorleg på at slammet i botnen av tanken blei spylt til sjø, utan at verksemda fyrst hadde forsikra seg om at dette ikkje ville føra til negative miljøeffektar.
Verksemda hadde ikkje gode nok rutinar knytt til reingjering av svovelsyretankar og vedlikehald av fangdam tilknytt svovelsyretankane. SFT melde derfor Xstrata Nikkelverk til politiet.
Agder politidistrikt gav verksemda eit førelegg på 125 000 kroner. Xstrata Nikkelverk har no vedteke førelegget.
Spørsmål kan rettast til SFT:
- overingeniør Eli Mathisen, seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
telefon: 22 57 34 53, e-post: eli.mathisen@klif.no
Tema
